Beslekta selskap

Her presenterer vi beslekta selskap av Sverre Roald AS:

ROALD EIGEDOM AS

Roald Eigedom AS er eit resultat av at tidlegare Sverre Roald AS vart splitta i eit driftsselskap, Sverre Roald AS, og eit eigedomsselskap, Roald Eigedom AS, med verknad frå 01.01.2002. Selskapet har ingen tilsette og er eigd av Ingrid O. Roald og Roald Invest AS. Snorre Roald fungerer som dagleg leiar og er styreleiar for selskapet. Sverre Roald AS er leigetakar hos Roald Eigedom AS. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.

SUNDET EIGEDOM AS

Sundet Eigedom AS er naboeigedomen til Roald Eigedom AS og på denne står utleigebygget Giskesenteret. Leigetakarar her er m.a. Fokus Bygg AS og Sprek 365/Giske Treningssenter AS. Aksjonær i selskapet er Roald Invest AS og Snorre Roald er dagleg leiar og styreleiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.

VIGRA SERVICENTER AS

Vigra Servicenter AS eig og driv ein DO-stasjon (forhandlereigd) i samarbeid med Esso Norge AS. Stasjonen vart etablert i 1990 og ligg strategisk til ved riksvegen mellom Ålesund sentrum og Vigra flyplass. Stasjonen har moderne vaskhallar både for maskin og sjølvvask, samt eit godt tilbod av 100% Veimat. Selskapet har 12 tilsette på full- og deltid med Pauline Wiggen og Aud Godø Molnes som driftsleiarar. Aksjane i selskapet er eigd av Roald Invest AS. Snorre er også formell dagleg leiar samt styreleiar for selskapet. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.

ROALDHUS AS

RoaldHus AS er den tidlegare husavdelinga i Sverre Roald AS som i 2002 vart skilt ut i eit eige selskap. Selskapet er knytta til HellvikHus-kjeda og forhandler og fører opp hus og hytter på byggherren si eiga tomt. Roald Eigedom AS eig aksjane i selskapet.Snorre Roald er dagleg leiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.

ROALD INVEST AS

Roald Invest AS er eit Holding-selskap med Snorre Roald og Bodil Rabbevåg som aksjonærar. Selskapet har f.t. eigarinteresser i Sundet Eigedom AS, Roald Eigedom AS og Vigra Servicenter AS. Snorre Roald er dagleg leiar og styreleiar. Kontoradresse: Nørestranda 45, Gjøsund, Vigra.

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter