Jarle blir pensjonist
20. desember 2013

Etter over 35 års solid og ekstra god innsats for firmaet har Jarle (Roaldsnes) valt å gå over i pensjonistane sine rekkjer frå 20. desember 2013. Jarle blir 70 år til sommaren, men han ber alderen lett. Selskapet og medarbeidarane set stor pris på at Jarle har gått 2 1/2 år på "overtid" og skulle gjerne ønskje at han ville halde fram enno lenger. Han har stor arbeidskapasitet og ein varekunnskap som vi naturlegvis vil sakne. Vi håper at han også i tida framover finn ut at det kan vere greitt med litt avkobling frå pensjonist-tilværeelsen og kjem og tek eit tak hos oss. Jarle har tidlegare fått tildelt både gullklokke og Norges Vels medalje og diplom for lang og tro tjeneste. Vi ønskjer han lykke til som pensjonist og håper at han vil sakne både arbeidsplassen og medarbeidarane sine.