Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Bustadhus

Når vi byggjer hus, byggjer vi ramma om det livet du skal leve.

RoaldHus har vore eit begrep innan husbygging på Sunnmøre heilt sidan 1975. Hussystemet vart utvikla og produsert av Sverre Roald AS. Vi har gjennom alle desse åra lukkast i å få hundrevis av nøgde huskundar som er gode ambassadørar for vårt firma. I 2003 la vi likevel dette hussystemet til side, det vart etterkvart for resurs- og kostnadskrevande å utvikle og vedlikehalde sitt eige hussystem. Vi fann derfor tida moden til å knyte oss til ei huskjede som la vekt på dei same verdiane som har vore grunnsteinen for den suksessen RoaldHus har vore. Etter grundige vurderingar fall valet på HellvikHus

Eit kvalitetsprodukt....

bilde

Som husleverandør set vi kvalitet i høgsetet og at husa vert bygd for å tilfredsstille dei ønskjer og behov våre kundar har. Vi bygg husa på lange tradisjonar og leverer frittliggande einebustader og hytter av høg kvalitet.

Vår kvalitetsprogram går ut på at den sterkaste kjeda ikkje er sterkare enn det svakaste ledd. For å kunne leve opp til dei strenge kvalitetskrava vi stiller, må vi streve etter høg kvalitet i alle ledd; frå produsent og heilt fram til våre kundar. Vårt kvalitetsprogram er ein kontinuerleg prosess som tek sikte på fornøgde kundar, produktivitet, konkurranseevne og dermed auka lønsemd og tryggleik for våre hus- og hyttekundar. Vi legg ned store ressursar ved å sørgje for at alle leveransar av produkt og tenester skal stemme med kundane sine forventningar, behov og avtalespesifikasjonar.

Inga husutfordring er for lita eller for stor for oss, saman skal vi kunne finne akkurat det rette huset eller hytta for deg.

Vi ønskjer deg lykke til med byggeplanane og håper at vi saman med deg kan få lov til å realisere dine husdraumar.

Vi gjer draum til verkeleg...

bilde

Sunnmørsk byggeskikk har lang tradisjon i å framskaffe bustadhus med fornuftig planløysing og god utforming. Saman med vår samarbeidspartner, HellvikHus, held vårt firma på denne tradisjonen, og tilbyr deg eit moderne kvalitetsprodukt som du vil ha glede av i mange, mange år framover.

For at huset skal bli slik du ønskjer det, bør du først vite kva du ønskjer deg....  
Vårt husfirma, RoaldHus AS, står til di tjeneste med råd og rettleiing. Ta kontakt med Harald Norvik på tlf. 70189419 eller harald@roald.no og avtal tid for ein førehands-konferanse, sjølvsagt utan forpliktelser.

For teknisk informasjon ta kontakt med Ragnhild Moe på telefon 70189422 eller ragnhild@roald.no

Vi har naturlegvis sentral godkjenning for ansvarsrett frå Bygningsteknisk Etat
Sjå godkjenningsbevis
bilde

For meir informasjon om HellvikHus, trykk her

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn