Hytter

Saman med deg realiserer vi din hyttedraum!

bilde

RoaldHus AS kan tilby deg hytter i samarbeid med HellvikHus. Vår bransjekunnskap gir deg tryggleik for at kvaliteten er mellom dei beste. Vår erfaring gjer oss godt skikka til å rettleie deg enten draumen er ei lita hytte på fjellet eller ei stor hytte ved sjøen.

bilde

Våre hytter vert levert med tradisjonelt bindingsverk i pre-cut. Dette gir stor fleksibilitet og rask byggetid. Byggesystemet gir også godt rom for eigeninnsats, dersom ein er snekkerkyndig. Vi kan tilby fleire ulike leveringsalternativ, og du vel sjølv det som passar best for deg.

bilde

Det er ein god følelse å kunne slappe av i ei hytte som du har bygd sjølv. Andre alternativ kan vere ferdig oppført hytte eller berre ferdig råbygg der du gjer innreiingsarbeidet sjølv.

bilde

Byggeforskriftene stillar eindel krav til personar som skal gjere arbeid i samband med bygging. Saman med leveransen fylgjer komplette teikningar inkludert arbeidsteikningar og rettleiingar/detaljar.

Dersom du sjølv i tillegg kan ordne med ein kvalifisert fagperson som kan kontrollere byggearbeidet, vil du som regel få godkjent ansvars-rett for å utføre byggearbeidet sjølv. Kontrollfunksjonar kan dessuten kjøpast av oss, og vi hjelper deg sjølvsagt også med byggesøknaden, den renomerte "papirmølla".

Hyttekatalog, trykk på katalogen for å sjå våre ulike hyttetyper

For nærare informasjon om hytter ta kontakt med:
Harald Norvik på tlf. 70189419 eller e-post roaldhus@roald.no

For teknisk informasjon ta kontakt med:
Ragnhild Moe på tlf. 70189422 eller e-post ragnhild@roald.no

Vi har naturlegvis sentral godkjenning for ansvarsrett frå Bygningsteknisk Etat
Sjå godkjenningsbevis

bilde

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter